I fjor tok politiet imot 23 100 meldingar om bedrageri, dette er ein auke på 20 prosent samanlikna med året før.
Den store auken skuldast i hovudsak bedrageri over nett.
– Dette er organiserte, økonomiske kriminelle som står bak. Dei er både frå Noreg og utlandet. Dei bruker blant anna automatiserte digitale verktøy for å massebedrageri befolkninga, fortel leiar i Økokrim Pål Kulø Lønseth.
Det finst store mørketal når det gjeld bedrageri.
Fleire bankar har tatt kontakt med politiet for å fortelje om nye former for bedrageri.
Ein særleg auke har skjedd i kategoriane «phishing» og «spoofing».
– Vi er veldig redde for, og har varsla over tid, om den teknologiske utviklinga som har gjort dette mogleg, fortel Løseth
Økokrim leiar Pål Kulø Lønset
Sjå døme på «spoofing»:
Ønskjer du å vite kva "phishing" er, og tips til korleis du kan unngå "phishing"? Les her
Den kraftige auken i antal saker, sett saman med auken i profesjonelle aktørar, gjer at politiet no ønskjer å trappe opp innsatsen med å førebygge og motverke digital kriminalitet.
– Vi opprettar no ein eigen bedrageri-avdelinga innanfor økorim for å jobbe med desse sakene. Vi ønskjer å arbeide førebyggande, men og å samordne informasjonen vi har for å straffeforfølge gjerningsmenn, fortel Løseth.
– Dei kriminelle utviklar seg i tak med digitaliseringa av samfunnet. Vi ser at vinningskriminalitet har flytta seg til digitale rom. Dette er i tråd med kva vi har forventa og varsla om i tidlegare trusselvurderingar, avsluttar han.