Ordførarar jublar over nye politikontor

For nokre år sidan vart 123 politikontor lagt ned. I løpet av året gjenopnar fleire av dei. Men langt frå alle er like nøgde.

– Det er veldig gledeleg. Vi har sakna nærvær av politi i kommunen, så vi er veldig, veldig glade for det, seier fungerande ordførar i Engerdal, Terje Langfloen (Samlingslista).


Fredag vart det kjent at regjeringa opnar ni polititenestestader rundt om i landet med nye politistillingar.


Engerdal i Innlandet er ein av kommunane som får tilbake politistasjonen som vart lagt ned i 2017.


– Det er veldig viktig. Vi har ein kommune som er stor i areal med store avstandar, spreidd busetnad og spreidd turisme. For nærleik og responstid er dette veldig viktig, seier Langfloen.

Sesongbasert

Nærpolitireforma, som vart gjennomført av Solberg-regjeringa, reduserte talet på tenestestader i Noreg frå 340 til 217.


Eit av politikontora som vart lagt ned, låg i Stranda på Sunnmøre.

Ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) har i lang tid peika på behovet for ein politistasjon i Geiranger i sommarsesongen.


– Det er gledeleg og eg er veldig tilfreds med at regjeringa har landa saka. Vi har spelt inn behovet for å styrke politiet sitt nærvær i Geiranger i turistsesongen, og denne gongen har vi fått napp.


Ordføraren meiner det ikkje er behov for ein eigen lokal politistasjon i Geiranger heile året.


– På ein alminneleg sommardag i juni har vi mellom 15.000 og 20.000 innom Geiranger. Altså vi er ein middels norsk by utan nokon form for tilpassa beredskap. Vi har styrka brannmannskapet og ein teneste knytt til ambulansetenesta, men politiet sitt nærvær har vore litt tilfeldig. No får vi det permanent, og det er ein fantastisk styrke.


Han håpar og forventar at den gjenopna politistasjonen er på plass til årets turistsesong.

Fungert som beredskapshotell

For hotelldirektør ved Hotel Union Geiranger, Monja Mjelva, var det ei glede å få melding om at Geiranger får politi på sommartid.


– Vi har fungert som beredskapshotell og hatt mange situasjonar som eigenleg har vore politisaker, så dette skal bli veldig bra, seier Mjelva.

– Korleis har de fungert som beredskapshotell?


– Vi har fått spørsmål direkte frå politiet om å hjelpe dei i ulike situasjonar fordi dei ikkje er til stades i augneblinken. Det kan vere alt frå trugande personar, trafikale situasjonar, til folk som har falt i fossen.



Ho trur politi i turistsesongen er svært viktig for tryggleiken til innbyggarane.


– I ein stor by er det vanleg å ha både politi og lege. I Geiranger har vi lege tre og ein halv time i veka, og politi har ikkje vore på staden, så dette gir ein tryggleik i bygda med så mange situasjonar som kan oppstå, seier Mjelva.

Skeptiske

Medan ordførarar jublar, er Politiets Fellesforbund skeptiske.

Dei meiner det er feil å bruke pengar på nye tenestestader i politiet.

– Intensjonen er bra, men vi har råda mot å opprette nye einingar med den økonomiske situasjonen som er no, seier Unn Alma Skatvold, leiar i Politiets Fellesforbund til NRK.


– Vi vil heller bruke pengane på auka patruljering og auka førebygging ute blant folk.


Også justispolitisk talsperson i Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, er skeptisk til gjenopninga av politikontora.


– Her blir det viktigare for Senterpartiet å drive reverseringspolitikk enn å lytte på ekspertane, det vil seie politiet sjølv, seier Amundsen.

– Viktig

Ordførar i Salangen kommune i Troms, Sigrun Wiggen Prestbakmo (Sp), er likevel glad for å bli høyrd.


Då politikontoret i Salangen vart lagt ned i 2017, klaga kommunen på avgjerda, men vart ikkje lytta til.


– Vi er veldig glade i Salangen i dag. Det er viktig for opplevinga av tryggleik og beredskap, og ikkje minst for den reelle beredskapen.

Ho seier at kommunen har hamna heilt i utkanten av beredskap og patruljeverksemd etter 2017.


– Det å ha tilgjengelege politiressursar som også driv oppsøkande førebyggjande på ettermiddagen og kveldstid er viktig, seier Prestbakmo.

Kommunar som får nye tenestestader i 2023:

    • Engerdal (Innlandet politidistrikt).
    • Hvaler (Øst politidistrikt).Berre sommarsesong.
    • Meråker (Trøndelag politidistrikt).
    • Oslo (Mortensrud i Oslo politidistrikt).
    • Salangen (Troms politidistrikt).
    • Sandefjord (Torp lufthamn i Sør-Øst politidistrikt).
    • Sigdal (Sør-Øst politidistrikt).
    • Steigen (Nordland politidistrikt).
    • Stranda (Geiranger i Møre og Romsdal politidistrikt).Berre sommarsesong.


    Medan åtte tidlegare politikontor gjenopnar, blir det også opna ein ny polititenestestad på Mortensrud i Oslo.


    – Det er veldig positivt at vi får tilført ekstra ressursar til Oslo. Det er her kriminalitetsutfordringane er størst i landet, seier byrådsleiar Raymond Johansen (Ap).


    Samstundes får Seljord i Telemark og Hidra i Trøndelag fleire stillingar på eksisterande kontor.

    Handlar om tryggleik

      Å gjenopne fleire politikontor, var eit valløfte frå Senterpartiet i stortingsvalkampen.


      – Det har vore ein klar målsetting for Senterpartiet, og det står også tydeleg i Hurdalsplattformen at ein ynskjer å opprette fleire tenestestader. No tek regjeringa dei grepa og opprettar ni nye tenestestader rundt om i landet, seier Margrethe Harr, stortingsrepresentant for Senterpartiet.


      Stortingsrepresentanten trur dei nye polititenestestadene vil redusere responstida.


      – Ikkje minst vil det vere meir synleg politi i kvardagen. Det handlar om å bygge tryggleik for folk, det handlar om å bygge tillit til politiet og det handlar om at det skal vere sikra gode samarbeidsrutinar og samarbeid generelt mellom dei ulike beredskapsetatane, seier Harr.

      Skuffa

        Medan fleire ordførarar jublar over gjenopninga av politikontora, er ordførar i Årdal kommune, Hilmar Høl (Ap), skuffa.


        Industrikommunen i Indre Sogn er den einaste i Vestland som har hatt eit sterkt ynskje om å få tilbake politikontoret som før reforma. I dag er kontoret berre ope etter avtale.


        – Det er synd. Vi har gjort vårt, men fekk ikkje kontoret denne gongen heller. Då er det berre å ligge på vent om noko anna skulle skje, seier Høl.


        Industrikommunen har vel 5000 innbyggjarar, Hydra, Schengen-hamn og kraftinstallasjonar.


        – Vi meiner vi er ein såpass stor kommune i Indre Sogn og burde hatt eige politikontor, meiner ordføraren.


        I dag har Årdal eit politikontor som er ope etter avtale. I tillegg er det eitt mindre politikontor i Aurland, og eitt større kontor i Lærdal.

        – Det er eit veldig smalt tilbod, og det har med at det er alt for få politifolk i Indre Sogn. Det er ei utfordring politiet må ta tak i, seier han.